“Nordlandsbåten er den einaste båttypen som har bevart den høge stamnen frå vikingeskipa fram til våre dager. Mange meiner at nordlandsbåtane er dei beste båtene som nokon gång er bygde.”

“Samstundes som dei var vakre og smidige, var dei framifrå skarpsiglarar og gode sjøbåtar. Det er mykje fisket å takke for at båtbygginga helt seg, og da først og fremst lofotfisket. Mest alle vaksne mannfolk nordafjells drog avgarde til Lofoten først på etterjulsvinteren; så òg i Vefsn.”

“Men kring hundreårsskiftet tok dei små båtmotorane å kome i handelen, og den smale og smekre nordlandsbåten var ikkje skikka for motordrift….Det er snart berre her i Vefsn den gamle nordlandsbåtfasongen har halde seg på elvebåtane.
…I gammal tid var Vefsna einaste ferdselsvegen for folket opp gjennom dalen. Om vinteren i den tida isen låg kjørte dei elveisen. Resten av året måtte dei bruke båt.
…På kvar einaste gard og plass hadde dei ein eller fleire båtar, og det var alltid den høgstamna elvebåten. Ikkje berre brukarane langs sjølve Vefsnelva hadde båt ute, brukarane oppe i sidedalane hadde også naust og båtar ved elva for å kome seg på martnan, og frakte sine og sitt til og frå byen. Berre rundt Forsio var det 20-30 båtar ved århundreskiftet.
Vefsna er ikkje akkurat stiltflytande og roleg. I den strie straumen ein finn der, trengst det gode og smidige båtar. Bak måtte dei vere skapt slik at dei fekk så lite sug som muleg. Nedover elva gjekk det lett og der rodde dei, eller berre let seg driva med straumen medan dei helt unna leie steinar og ører. Oppover var det verre. Da staka dei som oftast. Til det hadde dei ein lang stake av ein smekker granlegg, og han var omlag fire meter lang. Så stod dei bak i båten og sette gode sjøbein medan dei tak for tak skuva seg opp gjennom elva.”

“Dei beste laksevalla opp gjennom dalen har gjennom lange tider vore bortleigde til utlendingar som betalte godt. Frå gamalt av har engelskmennene vore dei vanlegaste, men der har også vore amerikanarar og franskmenn. Desse folka har alltid vore gode kundar hos båtbyggarane for dei hadde råd til, og ville til ei kvar tid ha nye og friske båtar. På Forsjord hadde engelskmennene aldri mindre enn fire båtar. Desse lakselordane var som sagt ikkje smågutar i pengevegen, og dei kunne såleis ha fiske og fangstvall på heilt andre kantar av jorda. Noen av dei lika Vefsnbåten så godt at dei fekk ein eller fleire med seg.”

“Når dei bygde elvebåtar brukte dei få eller ingen malar. Slik vart båtbygginga meir kunst enn yrke. Det var då heller ikkje kvar mann gjeven å bli båtbyggar. Skulle ein bli det måtte ein vere både hag og innsiktsfull, som dei kalla det.
…Først er det ut i skogen for å finne alle dei røtene, keipar og ymse tiløksla delar til kvar einaste båt. Resten av dei 59 delane elvebåten er bygd av, kan ein få av skoren material.”

“Når dei så kom heim frå skogen med desse gangstrea, vart emna økse til så nokonlunde så ein i minsto kunne sjå kva det skulle bli. Etterpå vart dei lagde bort til tørk. Når dei ein vakker dag skulle ha seg ein båt, var det å finne fram desse emna, og plukke ut dei som høvde i lag og var brukbare. Etterpå vart dei finhøvla og tilmåta akkurat den båten dei skulle vere i.”

Vefsnbåt tegning

Tverrsnitt av Vefsnbåt

“Gangstre og emne samla dei seg på alle gardane, og dermed hadde dei støtt vørke. Så bar dei materiala til båtbyggaren, og han lova då nybåt til den og den tida. Like vanleg var det kanskje at båtbyggaren vart bodsend og kom til gards og bygde båten. Husrom var det nøgda av på gardane. Hadde dei ikkje særskild snekkarstove, fans det alltids eit eldhus eller låvegolv der dei kunne halde til.
Spesialverktyet hadde båtbyggaren med seg, men vanlege snikkarverkty heldt gardsfolket.”

“Mange har bygd elvebåtar fram gjennom tidene, men dei fleste berre til eige bruk. Det har funnest heller få profesjonelle, flinke båtbyggarar.
…Peder Larsen Stimo (Pe Larso) er den flinkaste båtbyggaren Vefsn har fostra. Han vart født omlag 1850 og døde nokre år før siste verdskrigen.
…Ingen kan seie for visst kor mange båtar han laga i si tid, men dei fleste meiner det måtte bli godt over to hundre. Berre engelskmennene åleine kjøpte over femti båtar av han.
…Men det var ikkje berre å sjå til at Pe Larso-båtane var fine. I elvestraumen var dei framifrå, og med ein Pe Larso-båt kunne ein lure seg gjennom dei striaste stryka.”

Båtbygger Peder Larsen Stimo ca 1930 foto: Helgeland museum
Båtbygger Peder Larsen Stimo ca 1930 foto: Helgeland museum

Kilde:
Øksendal, K.M. “Båtar og båtbygging i Vefsn før og no”. Særtrykk av årbok for NORSK SKOGBRUKSMUSEUM. SKOGBRUK, JAKT OG FISKE. 1965 – 1966″ Rønnes trykk, Mosjøen