Gammal tid
“Vi lyt hugse at i midten av førre århundre dreiv så godt som alle vaksne og føre mannfolk på Lofoten kvar vinter. Og når de så skulle til i elva, var det berre rimeleg at dei tok i bruk dei metodane og det bruket dei kjende og hadde for handa frå vinterfisket.
Ein måte å ta laks på var å bruke såkalla rykkjarstell. Denne innretninga var rett og slett ein dregg av tre lin-onglar av den typen dei då bruka på Lofot-lina. Desse tre onglane vart surra til ein skinnlykkje, som satt i nerenden på eit juksasnøre, saman med noko bly. Andre enden av juksasnøret var godt fastrørt på ein granstake. Så stilte fiskaren seg på berget under fossen, let dreggen søkke ned mellom lakseryggane, og så rykte han fast. Deretter var det å sleppe staken for å la laksen renne av seg nede på io. Fiskaren la seg føre i båt for å vente på at kavlstonga skulle dukke opp når laksen vart nok avbalt.”
Rykkjarstell

 

“Ein anna fangstmåte karane nytta i gamal tid var veppstonga. Som namnet seier var denne veppstonga hengsla, på lag som ei flaggstong, og fastgjort med boltar i berget like ved fossen, slik at grannenden av stonga stod ut langsmed fossefallet når ho var utsvinga. Til skrevs på denne stonga glei det to treklavar som med føtene sine spila ut sjølve fangstsekken. I ytterenden på stonga var det eit hol med ei smekker snor gjennom; dermed kunne fiskarane hale til lands treklavane og posen, avtine fangsten i ei handvending og så fire reidskapen ut i fossen att straks!”
Veppstong

 

“Når Fors-io på forsommaren stod full av laks, kasta dei før i tida med nøter. Nøtene var av grov hamp med omlag seks centimeter mellom knutane; det var ikkje småfisk dei var ute etter! Det var alltid to båtar, kvar med to mann, som strekte ut nota oppe i sjølve Fors-io. Så rodde dei nedover mellom Holmen og Naustberget med denne notbukta mellom seg, og når dei kom ned på Troa, tok dei til å hespe inn nota frå begge endar slik at det til slutt vart berre ein pose mellom båtane. Nota og fangsten tok dei inn på ei ør nepå holmen.”

“Alt i gamal tid vart det drive med garnfiske, først og frems i dei rolege djupholene i Fors-io. Atter ein gong var det Lofot-bruket som gjorde tenest: Grove og svært djupe torske-garn som dei hadde på mest kvar ein gard.”

“Laksen var matfisk for folk opp gjennom Vefsn-dalen. Måten dei fekk han i land på var heilt uvesentleg. Denne haldninga var heil rimeleg, slik fiskerikdom det var og ettersom laksen ingen omsetningsverdi hadde. Sports-fiske var det engelske fiskarar som introduserte. Denne nye haldninga til fiskinga var i det heile så framand at vi ikkje hadde ord for henne, vi måtte låne det engelske. Vefsningane hadde nytta trøe, stong, før dei engelske fiskarane dukka opp med avansert utstyr ut i førre århundret. Det var med enkel krok og agn og trøer utan snelle ein fiska. Agnet var meitemark eller småfisk. Trøene sette ein gjerne fast i elvekanten og let dei stå som utsett natta over. På denne måten vart det vel drege nokre laksar, men helst var det mindre elvefisk dei fekk, dvs. vassaure, ein og annan harr og i sesongen mykje sjøaure.”

I ny tid
“Flugefiske har kome med engelskmennene. Skei og sluk har heller ikkje vore kjende før den tid. Med engelskmennene og dei nye fiskegreiene deira kom og roing etter laksen. Den vanlege nemninga for smålaks er enno grils, etter eng. grilse. Gamle roarar og hukarar, av eng. hooke, oppgir gjerne vektene på storfiskane i pund, og dei tar heilt sikkert med seg huken, av eng. hook, når dei skal ut og fiske.”

“Etter det tradisjonen veit å fortelje, skal den første engelske laksefiskaren ha vist seg i dalen ein gong i 1830-åra. Han skulle ha kome frå Fusta, den andre skikkelege lakseelva i Vefsn. Denne første speidaren hadde tydelegvis sett det godt likt, for fram mot midten av førre århundret var desse laksefiskarane frå England blitt årvisse.
I den første tida tok fiskarane inn på gardane. Dei skal visstnok ha losjert på Rossvoll, ei halv mils veg opp i vassdraget, før dei gav seg føre i Utgarden på Forsjorda.
Det var dei same familiane som kom att år etter år. Sist på 60-tallet kjende dei seg såpass heime i dalen at dei fekk bygd seg eigne hus, såkalla engelskvillaer. I bygdemålet er villa eintydig med slike sommarhus dei engelske laksefiskarane åtte.”
(Slike villaer ble satt opp bl.a. ved Forsjorda, Laksforsen, Fjellbekkmoen, Svenningvatnet og Majavatn. Red.anm.)

“I den første engelsktida låg gjerne fiskarane her i bygda heile sommaren og reiste ikkje før dei hadde fått med sjøauren om hausten. Somme var til og med ute og jakta om hausten og hadde elg-vald. Men frå århundresskiftet og utetter vart det gjerne til at fiskarane kom åleine utan familie. Sesongane vart gjerne innkorta til seks lakseveker.”

“1921 er det beste lakseåret vefsningene veit å fortelje om. Elva heldt seg jamt flo utetter forsommaren, og Fors-io gjekk meir og meir full av laks som ikkje kom seg vidare opp. Engelskmennene drog godt over 500 storlaks den sesongen. Gjennonsnittet var så høgt som 10 kg. Med det roarane fiska seinare i sesongen, vart resultatet godt og vel 600 laksar det året. Ellers var mellom 350 og 400 laks rekna som eit godt år på Forsjord-vallet for dei tre engelske fiskarane.”

“I 1923 var det eit storleg fiske. Cotton (Oberst Cotton, kanskje den største engelske fiskaren som har vore i Vefsna. Red.anm) kom då på den tanken at han skulle freiste å slå rekorden for antal laks fiska av ein fiskar på ein dag. Best til no i Norge var ein engelsk fiskar med 28 laksar på eit døgn. Med Karl Forsjord som roar la dei ut i tida om føremiddagen. Fisket gjekk godt, og i løpet av dagen hadde Cotton berga i land tjue fiskar. Og då syntes han at dei låg så godt an at dei ikkje kunne hefte bort tida med å gå opp til matmåla. Dei ropte til ein gjætargut og senda bod med han at kokkene måtte komme til elva med mat. Utover føremidnatta beit laksen dårleg. Men då dei gav seg om morgonen klokka åtte, låg det 32 -trettito-laksar på Naustberget. Dette skal være det beste fisket som er gjort her i landet.”
Største dagsfangst
Roaren Karl Forsjord framfor dagsfangsten i 1921.   Foto: Cotton

“Engelskmennene vart etterkvart var at det var god lakseelv ovafor Forsjordforsen og.
I våre dagar er ikkje denne delen av Vefsna noko særleg til lakseelv. Men ved århundreskiftet var det ikkje så. For det første var det mykje meir laks. Men den viktigaste grunnen til denne skilnaden er at laksen i dei dagar ikkje kom seg lenger opp i vassdraget enn under Laksforsen.”
Laksforsvaldet var den fiskeplassen i Vefsna som lengst vart verande på engelske hender, og det er først og fremst Kyrke-namnet som er bunde til denne staden.
Frå og med sesongen 1965 har elva vore utnytta av nordmenn ved sal av fiskekort. Dei fall- og fiskerettane engelskmennene verkeleg åtte, kjøpte Vassdragsvesenet ut det året.”

Engelske kvinnelige fiskere ved Laksforsen
Engelske kvinnelige fiskere ved Laksforsen           Foto: Ukjent

“Den første renna i Laksforsen vart påbegynt i 1890. I 1904-05 vart det oppsett ei lukeordning som regulerte vatnet, og renna vart god.
Det varte ikkje lenge før utanlandske fiskarar tok til å interessere seg for denne nye lakseelva som no var skapt ovafor Laksforsen.
Like sørom Trofors fell dei to hovudarmane av Vefsna saman; Auster-Vefsna som kjem frå Hattfjelldalsbygdene med kjelder i Sverige og Børgefjell, og Svenningdalselva, som kjem frå dei store vatna synst i sjølve Vefsn-dalen. Av desse to elvearmane var det Auster-Vefsna som kom til å bli den beste lakseelva.
Vi er no komne ganske langt opp i vassdraget. Sesongen på Fjellbekkmoen vart adskilleg kortare enn nede i elva. Men vi må heller ikkje tru for dårleg om dette vallet. I eit av åra under første verdskrigen, drog Johan Erlandsen og Eivind Johansen 80 storlaks på Fjellbekkmoen.
Dei neste fossane som laksen ikkje greidde seg opp var Mjølkarliforsen og Hattfjellforsen noko lenger opp. Denne sperringa i elva er kanskje hovudgrunnen til det gode fisket på Fjellbekkmovallet først i dette hundreåret. Sist i tjueåra vart det sprengt renner i begge desse fossane, og elva var no komande heilt til Skardmodalsforsen.”

Kilde:
Øksendal, K.M. (1971) “Laksefiske i Vefsna. Særtrykk av årbok for NORSK SKOGBRUKSMUSEUM. SKOGBRUK, JAKT OG FISKE. 1967 – 1971” Rønnes trykk, Mosjøen

 

“Da det hele startet representerte engelskmennenes laksefiske nye inntektsmuligheter for lokalbefolkningen. Det lå store penger i å leie ut, eller selge fiskerettighetene i elva. Dessuten hadde gjestene behov for mat, overnatting, roere og annen praktisk hjelp. De  gårdene som fiskeretten var knyttet til hadde også inntekter av salget av den fisken som ble tatt.”

Kilde:
Halse,A., Solstad, A. (2012). Lakselordene i Vefsna. Artikkel, nettutstilling. https://helgelandmuseum.no/archives/5563